Høgskulen i Volda (HVO) vil vere ein medspelar når det gjeld utvikling av kunnskap om det som skjer i regionen vår. Vi vil vise dette med ein eigen konferanse og ei jobbmesse med årlege tema. Privat og offentleg sektor er prega av omstilling, og årets tema er difor:
Omstilling og endring – utfordringar og nye moglegheiter
Kunnskap i vekst og ut i jobb-messa koplar i år saman offentleg og privat sektor. Konferansen tek opp tema som er felles for arbeidslivet i regionen vår, og messa viser fram arbeidslivet som ventar studentane. HVO er vertskap i tett samarbeid med Studenttinget i Volda, Volda Næringsforum og Sunnmøre Kulturnæringshage.
Volda Student-TV har laget en fresh promofilm for årets Kunnskap i Vekst!
Kunnskap i vekst og ut i jobb-messa tek sikte på å bli ein årleg konferanse for arbeidsgivarar, uansett sektor, som møtest for å dele og lære av kvarandre. Vi vil òg vise kva studentane og fagmiljøa ved HVO kan tilby av kunnskap. Konferansen og messa er i år støtta av SpareBank1 Søre Sunnmøre og er gratis for studentar.
Sjekk www.kunnskapivekst for meir informasjon og påmelding.
Vi ynskjer alle deltakarar velkomne til ei lærerik oppleving!