Kategoriarkiv: Kreative Sunnmøre

Kreative Sunnmøre februar

Mandag 10. februar arrangerte vi Kreative Sunnmøre på Teaterfabrikken i Ålesund. Ante Giskeødegård frå Momentium og Øygardshavna starta kvelden med å fortelje om ein workshop der tema er Kultur og Teknologi på Ocean Sound Recordings på Giske den 10. Mars kl. 12;00. Informasjon om workshopen og påmelding blir lagt ut på oygardshavna.no snart – og vi her på kreativfylket.no vil også informere om denne workshopen. Arrangementet er ope for alle i heile Møre og Romsdal og foregår på dagtid før neste møtet i Kreative Sunnmøre som startar klokka 18:30, også dette i lokala til Ocean Sound Recordings på Giske

Fokus på workshopen vil vere ny teknologi, presentasjonar og nettverk. Dette vil foregå fire gongar i året, og arrangementa blir lagt til same dag som møta i Kreative Sunnmøre.

P1010074
Thor Ivar Forsland frå Menthor starta presentasjonen med eit dikt av Jakob Sande.

 

Neste post på programmet var Thor-Ivar Forsland, som blant anna driv med kurs i presentasjonsteknikk i bedrifta si, Menthor.  Forsland har lang fartstid dom skodespelar, og vi merkar fort at han kan det han snakkar om. Presentasjonen starta med ei spanande framføring av dikt Jakob sande, til publikum si store begeistring.
«Fyrste bud når ein skal halde presentasjon er å tenke at alle som høyrer på er vennar”, fortel Forsland. Vidare er det lurt å tenkje på framføringa som ei lita teaterforestilling, og ein må sjølvsagt være budd. 

 Powerpoint og Fyrverkeri er ikkje ein del av hans presentasjonar – “Eg held på på gamle måten!” Forsland fortel at stemme, innleving og engasjement i presentasjonen er det viktigaste for å ikkje miste publikum si merksemd. 

«Du må ville formidle bodskapen til publikum, det må syns at du verkeleg vil formidle bodskapen din,” seier han. Thor-Ivar Forsland tilbyd ein-til-ein vegkleiing, coaching og opne og lukka kurs i presentasjonsteknikk. For meir informasjon, sjå Menthor si heimeside

“Til slutt vil eg sei at Kreativfylket er eit kjempetiltak! Kjekt å treffe folk fra så mange ulike bransjar”. 

 “Kjekt å treffe folk fra så mange ulike bransjar”.

Astrid Overaa eig og driv Teaterfabrikken i Ålesund, eit svært koseleg lokale som Kreative Sunnmøremøtet fann stad i.

 

P1010102Lokalet de sit inne i idag var ein gong eit gammalt bygg fullt av rusk og rask, men med ”to tomme hender og ein drøm” gjorde Overaa med heelp av giode vener bygget til det ein idag kjenner som Teaterfabrikken i Ålesund.

Toaletta her sang eg meg til på eit arrangement på Moa. Eg var så opptatt når dei ringte å ville booke meg at eg takka nei, men etter at dei tilbaud å betale meg med nye toalett til Teaterfabrikken, takka eg ja” fortalte Overaa til stor latter frå dei frammøtte.

 

Teaterfabrikken har tre avdelingar, plass til nær 600 gjestar og kan arrangere alt frå bursdagar og begravelsar til teambuilding-arrangement for firma som, i følge Overaa, ”vil ha noko annleis, noko dei ikkje får andre plassar.”

P1010088

 

“Teaterfabrikken er den plassen eg ynskte meg når eg var ung. Absolutt alt som er her er brukt og har ei historie. Dette er eit heilt bevist valg, vi kastar alt for mykje. At vi har inventar med sjel og historie trur eg gjer noko positivt med stemninga i lokala våre”. Du kan lese meir om det breie programmet til Teaterfabrikken på deira heimesider

Etter foredraga fekk vi servert ei kjempegod suppe, og fekk mogelegheit til å bli kjend med dei andre på møtet. Vi gler oss allereide til neste møte i mars!  

 

Mobiliseringsmøte for Kreative Sunnmøre

Kristoffer Tangen Gjerde og Maria Hovland fra PR-Studentane ønsker et fantastisk oppmøte velkommen på Kreative Sunnmøre.
Kristoffer Tangen Gjerde og Maria Hovland fra PR-Studentane ønsker et fantastisk oppmøte velkommen på Kreative Sunnmøre.

Det første mobiliseringsmøtet for Kreative Møre og Romsdal gikk av stabelen 9. desember 2013 på Øygardshavna på Giske utenfor Ålesund. Vi hadde et fantastisk oppmøte på ca 50 deltakere fra et bredt spekter av kreative næringer: musikk, grafisk design, litteratur, foto, film, kommunikasjon, glassblåsing, smedkunst,  tekstil, animasjon og innovasjon. Dette lover svært godt for nettverket Kreative Sunnmøre fremover – jo flere kreative felt, jo bedre!

 

IMG_3842_red

Stemningen var god og de fremmøtte virket å sette pris på programmet. Prosjektleder Martin Foldal  presenterte konseptet Kreative Møre og Romsdal, og deretter fikk vi høre Ante Giskeødegård fortelle om Næringshagen Øygardshavna. Etterpå var det satt av god tid til hyggelig mingling, mat og noe godt i glasset for de som ønsket det.

 

Alle var veldig positive til initiativet og gledet seg til fortsettelsen utpå nyåret. Mobiliseringsmøtet ga oss gode tilbakemeldinger på hvordan de kreative næringene selv vil at Kreative Sunnmøre skal være. Disse tar vi med oss i planleggingen av neste møte i februar.