Kva er Kreativfylket?
Prosjektet Kreativfylket vil gjennom ei langsiktig satsing etablere fysiske og virtuelle møteplassar for kreative næringar i Møre og Romsdal gjennom ei nysatsing på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre.
Kulturnæring er etter definisjonen: film, video, animasjon, TV, radio, programvare, dataspel, kunst, teater, musikk, design og mote, kunsthandverk, litteratur, arkitektur, reklame, fotografi, aviser og tidsskrift.
Vi samarbeider med Øygardshamna.no i Ålesundregionen, Anna & Co i Romsdal og Aura næringshage/Undine/Nordic Light på Nordmøre.
Prosjektet planlegg å arrangere 10 årlege møter i kvar av byane Kristiansund, Molde og Ålesund der ein skal invitere breitt og inkluderande. Gjennom bruk av referentar skal samlingane dokumenterast og publiserast på den virtuelle møteplassen kreativfylket.no. Modellen for opplegget er basert på dei gode erfaringane og kunnskapen Sunnmøre Kulturnæringshage har bygd opp gjennom møteserien Kreative Søre Sunnmøre som er eit samarbeid med Vestnorsk Filmsenter si avdeling i Volda. Prosjektet skal spele på lag med entreprenørskapssatsinga hoppid.no i høve kompetanseløft innan forretningsutvikling.
Bakgrunn:
Møre og Romsdal fylkeskommune publiserte 7 juni 2013 Menon rapporten «Krafttak for kreativ næring». Rapporten fastslår at ein i perioden fram til 2010 har hatt ein positiv vekst innan dei kreative næringane i fylket, men og at der er stort potensiale for meir vekst. Rapporten dokumenterer og ei svakare utvikling utviklinga i Romsdal og på Nordmøre samanlikna med Sunnmøre. Sunnmøre Kulturnæringshage (SKNH) som er delfinansiert av SIVA og Møre og Romsdal fylkeskommune opna i april 2012. Målesettinga med selskapet er å legge til rette for fleire og betre etableringar innan dei kreative næringane med utspring i kultur- og mediefagutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Eit av tiltaka som SKNH har arbeidd med er møteserien Kreative Søre Sunnmøre som er eit samarbeid med Vestnorsk Filmsenter, VRI Forskingsrådet, Volda kommune, Høgskulen i Volda og Sparebank1 Søre Sunnmøre. Kreative Søre Sunnmøre har sidan 2010 blitt arrangert som ei møteserie med 10 årlege møter der ein i tillegg til nettverksbygging får presentasjonar frå lokale, regionale og nasjonale aktørar innan dei kreative næringane.
Verksemder innan dei kreative næringane kjenneteikast ofte ved å ha få tilsette. I motsetning til andre delar av næringslivet fins det få eller ingen nettverksbyggande møteplassar for dei som arbeider innan desse kulturnæringane. Dette kom og tydeleg fram på arbeidsverkstadane som fylkeskommunen arrangerte i dei tre byane Ålesund, Molde og Kristiansund i høve forarbeidet kring satsinga på dei kreative næringane i Møre og Romsdal.
Verksemdene i dei kreative næringane har mange behov, men vi meiner det ein må starte med er nettverksbyggande samlingar. Slike vil og auke B2B mellom aktørane og styrkje samhandling og tillit mellom konkurrerande verksemder.