Kategoriarkiv: Kreative Søre Sunnmøre

Kreative Søre Sunnmøre- Juli 2016

Velkommen til sesongavslutting for KSS på vakre Volda Bygdetun!

Dette bygdetunet gir ei historisk ramme på møtet, enten om vi sitter ute på tunet eller om vi tar turen inn i dei 150 år gamle husa som omkrinsar tunet. Det blir langbord, mat, underhaldning og drikke for dei som ønsker det.

Som vanleg har vi eit spennande program;

Puffin Film AS og regissør Øystein Frøyland viser rykande ferske opptak frå dokumentarfilmen «Maher midt i dalen» som NRK har kjøpt.

Atle Remmereit fortel om sitt nyetablerte selskap Oclin AS. Selskapet er starta i samarbeid med Chris-Håvard Berge som har kontor i Oslo. Vi får eit innblikk i den raskt utviklande live-stream marknaden som er houvdfokuset til Oclin-gutta.

Kreative Søre Sunnmøre – April 2016

Vestnorsk filmsenter har i fem år arrangert ein møteserie der kreativ næring på Søre Sunnmøre møtes. Dei ulike samlingane har to-tre innlegg frå foredragshaldarar til inspirasjon eller debatt. Alle er velkomne til å delta, treffe nye menneske og kanskje skape nye kontakter. Kvar samling varer i to timar.

Dette arrangementet i Kreative Søre Sunnmøre møteserien er arragert i samarbeid med Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Tema for kvelden er visjonar og planar for medielinja ved Høgskulen i Volda og framtida til Volda innan medieutdanning og kreativ næring.

Program:
* Høgskulen i Volda sine planar for nytt mediefagbygg og visjonar for medieutdanninga i framtida, ved dekan Pål Åm, Avdelong for mediefag
* Visjonar og planar for kunnskapspark for kreative næringar i Volda, ved Martin Foldal, Sunnmøre Kulturnæringshage.
* Kva skjer framover med Volda sett i lys av statlege reforma innan både helse, utdanning og kommunestruktur. Vil Volda kommune satse på medieutdanninga og kreativ næring i framtida? ved Professor og ordførar, Jørgen Amdam

Bygg bedrift – forretningsutvikling for kulturbedrifter : Jan 2016

Bygg Bedrift er eit program for forretningsutvikling av bedrifter i kulturnæringane. Programmet er sentralt i Innovasjon Norge si satsing på kreative næringar og blir arrangert i samarbeid mellom Hoppid.no, Molde Kunskapspark, Pixelparken og Sunnmøre Kulturnæringshage. I løpet av programmets tre samlingar perfeksjonerer du din forretningsplan etter Lean Business metoden. Mellom samlingane får du rettleiing og hjelp til å skape vekst i din kulturbedrift og til å utvide nettverket ditt.
Programmet passar for deg som har drive ei stund og ynskjer å få hjelp til å utvikle bedrifta di.

Hei alle dere som har meldt interesse her inne, og til dere som har trykket skal. For å være påmeldte til kurset må dere melde dere på i denne linken.

https://mrfylke.no/…/…/hoppid.no/Gruenderkurs/(event)/826253

Ser at flere av dere er påmeldte på riktig plass, men at noen også mangler, så meld dere på i linken nedenfor, hvis dere ønsker å delta

Kreative Søre Sunnmøre- Nov 2015

Oppdatert program: Regissør Kjersti G. Steinsbø presenterer sin nyaste film på Kreative Søre Sunnmøre.

Regissør Kjersti G. Steinsbø presenterer HEVN på Kreative Søre Sunnmøre i kveld! Filmen har lokalpremiere på Volda filmteater kl 21

12194755_511099395734227_2666161417073206240_o

Velkommen til ein hyggeleg kveld der alle med interesse for kreativ næring kan møtast og dele tankar og idéar. Ta gjerne med ei veninne eller kompis til vår uformelle samling. Vestnorsk Filmsenter står som arrangør av KSS og som vanleg har vi eit lite program for kvelden:

Puffin Production AS er eit nytt og spennande selskap i Volda. Presentert av Guro Hansebakken og Øystein Frøyland.

Fjellfotografen viser bilete og fortel om fototeknikkar involvert i hans virke. Presentert av Håvard Myklebust.

Magnar Åm gir oss ein kort presentasjon av Propellhallen kulturarena.

Regissør Kjersti G. Steinsbø presenterer HEVN som har lokalpremiere i Volda same kveld.

På Rokken Café kan du kjøpe enkle retter, kaffé, øl og vin. Velkommen til ein hyggeleg kveld der vi ynskjer ein uformell dialog mellom publikum og dei som står på «scena». Både før og etter presentasjonane er det god tid til prat over bordet. Vi sjåast på KSS:)

Kreative Søre Sunnmøre juni 2015

Vestnorsk Filmsenter inviterte til siste KSS møte for vårsesongen. Vi tok turen til Bjørke inst i Hjørundfjorden. Her fekk vi både møte kunstnarar, oppleve vikingmarknad og god mat & drikke. Alt saman på middelaldertunet Bakketunet. Vertinne var Marita Bett Aakre.
Uteservering på Bakketunet - Kreative Søre
Program :* Vestnorsk Filmsenter v/Eirik Vaage og Stine Tveten.
Leiar i Vestnorsk Filmsenter gir ei kort oppsummering av Stortingsmelding 20 som vil medføre positive filmpolitiske endringar, spesielt for Vestlandet.

* Marita Bett Aakre fortel om historia til garden og utviklinga av Bakketunet som kulturarena.

* Kunstnar Robert Steinnes fortel om hans virke som kunstnar og tar oss med inn på galleriet der maleria er utstilt.

Vi bakar vår eigen pizza i vedfyrt steinovn! Øl og vin kan kjøpast på Bakketunet.

Bakketunet har vikingmarknad denne helga så dei som f.eks. hadde lyst til å teste kor treffsikre dei er med pil og boge fekk då moglegheita til dette:)