Kreative Søre Sunnmøre- Nov 2015

Oppdatert program: Regissør Kjersti G. Steinsbø presenterer sin nyaste film på Kreative Søre Sunnmøre.

Regissør Kjersti G. Steinsbø presenterer HEVN på Kreative Søre Sunnmøre i kveld! Filmen har lokalpremiere på Volda filmteater kl 21

12194755_511099395734227_2666161417073206240_o

Velkommen til ein hyggeleg kveld der alle med interesse for kreativ næring kan møtast og dele tankar og idéar. Ta gjerne med ei veninne eller kompis til vår uformelle samling. Vestnorsk Filmsenter står som arrangør av KSS og som vanleg har vi eit lite program for kvelden:

Puffin Production AS er eit nytt og spennande selskap i Volda. Presentert av Guro Hansebakken og Øystein Frøyland.

Fjellfotografen viser bilete og fortel om fototeknikkar involvert i hans virke. Presentert av Håvard Myklebust.

Magnar Åm gir oss ein kort presentasjon av Propellhallen kulturarena.

Regissør Kjersti G. Steinsbø presenterer HEVN som har lokalpremiere i Volda same kveld.

På Rokken Café kan du kjøpe enkle retter, kaffé, øl og vin. Velkommen til ein hyggeleg kveld der vi ynskjer ein uformell dialog mellom publikum og dei som står på «scena». Både før og etter presentasjonane er det god tid til prat over bordet. Vi sjåast på KSS:)

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.