Kreative Søre Sunnmøre – April 2016

Vestnorsk filmsenter har i fem år arrangert ein møteserie der kreativ næring på Søre Sunnmøre møtes. Dei ulike samlingane har to-tre innlegg frå foredragshaldarar til inspirasjon eller debatt. Alle er velkomne til å delta, treffe nye menneske og kanskje skape nye kontakter. Kvar samling varer i to timar.

Dette arrangementet i Kreative Søre Sunnmøre møteserien er arragert i samarbeid med Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Tema for kvelden er visjonar og planar for medielinja ved Høgskulen i Volda og framtida til Volda innan medieutdanning og kreativ næring.

Program:
* Høgskulen i Volda sine planar for nytt mediefagbygg og visjonar for medieutdanninga i framtida, ved dekan Pål Åm, Avdelong for mediefag
* Visjonar og planar for kunnskapspark for kreative næringar i Volda, ved Martin Foldal, Sunnmøre Kulturnæringshage.
* Kva skjer framover med Volda sett i lys av statlege reforma innan både helse, utdanning og kommunestruktur. Vil Volda kommune satse på medieutdanninga og kreativ næring i framtida? ved Professor og ordførar, Jørgen Amdam

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.