Tysdag 17 juni vart det halde nettverksmøte i Kreative Romsdal i foajeen på Storyville Jazzklubb på Plassen i Molde .
Anna Tokle Amundsen frå Det Kreative Huset/Anna & Co ynskte velkomen og orienterte om kva vi har gjort så langt i år, og fortalte at bransjeforreninga for grafikarar – Grafill, kjem til kreative Romsdal i haust
Etter innledninga fekk Angela Hagen frå Møre & Romsdal fylkeskommune ordet og orienterte om bakgrunnen og kriteria for å søke på den nye startstipendordninga for dei mellom 20 og 39 som har folkeregisterregistrert adresse i fylket. Fire stipend, kvar på kroner 200.000,- skal tildelast slkjarar som har lyst til å satse innan dei kreative næringane. Søknadsfristen er 1 september i haust, og ein finn informasjon om ordninga ved å fylgje denne lenkja.

Hogne Bø Pettersen driv enkeltpersonforetaket Hogne Bø Pettersen Media. Han brukar samhandlingsløysingar som twitter, FB, LinkedIn etc for å skaffe seg oppdrag og brukar i liten grad e-post. Hogne jobbar til dagleg på Brunvoll AS som opplærings- og IT ansvarleg og heldt ein interessant og engasjert innlegg om strategiane av å bruke blogg, fora, Wiki, fildeling, chat og akivitetar som samhandlingsverkty. Desse verktya henter ut den uformelle kompetansen som fins i bedrifter og organisasjonar og får dei tilsette til å innovere i samhandling på ein effektiv måte. Samhandlingsprosjekt bør ligge hos HR avdelinga – ikkje IT avdelinga. På Brunvoll brukar dei IBM connections som Hogne demonstrerte på møtet, men det fins fleire alternative verkty. Fleire av funksjonane som er tilgjengelege i meir komplekse samhandlingsverkty fins det variantar og løysingar for i Google Docs og Google Apps.
Vi takkar Anna Tokle Amundsen frå Annadesign.no , Angela Hagen og Hogne Bø Pettersen for gode innlegg, og alle som møtte på Plassen denne tysdagen – og ser fram til neste møte i Molde 19 august. God sommar!