Kreative Romsdal februar

Den fyrste ordinære samlinga med Kreative Romsdal ble holdt på Plassen i Molde den 11. februar. Tendai Malvine Makurumbandi starta kvelden i med å presentere sitt nyoppstarta dansekompani Compassion 2Dance Company. Du kan lese meir om kompaniets planar og draumar på facebooksida deira , og få sjå en smakebit i videoen under.

 

 

Etterpå viste Inventas dei frammøtte litt av kva produkt dei har designa. –“Vi har designa alt i frå forbrenningstoalett og vannlås til meir tradisjonelle designprodukt som møblar”.

P1010157Inventas driv med oppsøkande sal, det vil sei at dei dreg rundt på besøk til bedrifter for å fortelje kva dei driv med, og forhåpentlegvis få eit kundeforhald. –“Men 80% av omsetninga våra er gjensalg, altså salg av produkt til bedrifter som allereie er kundar hjå oss”.

 

Sjølve designprosessen fortel karane frå Inventas består av 3 delar; Søke, skape og løse. Dette er ein prosess som går igjen og igjen mange gongar iløpet av eit prosjekt for å kome fram til det endelege resultatet. –“ Vi strebar etter å få ein djup innsikt i kva ein kunde ønskar å oppnå”. For meir informasjon, sjå Inventas si heimeside.

 

Neste på programmet var Stig Ove Voll. Stig Ove har dreve med det meste innanfor journalistikk, tekstskriving, sosiale medier og tradisjonell media. Sida det var størst andel av dei frammøtte som hadde Facebook, var det her dei fleste tipsa kom.

For ei bedrift meinar han at 2 facebook innlegg pr. dag er nok, på twitter er 3-4. –“Det er viktig at det ikkje er for få, då kan følgjarane misse interessa, men også viktig at det ikkje er for mange, då vil følgjarane skjule innlegga dine”.  

Stig Ove Voll snakka om bruk av sosiale medier
Stig Ove Voll hjelper bedrifter å lukkast på sosiale medier.

Mange lurar på når på døgnet det er mest hensiktsmessig å publisere på facebook. Stig Ove fortel at om morgonen når folk akkurat har komt på jobb, samt på kveldstid, vert innlegg mest lest. –“Innlegg som er av så stor interesse for dine lesarar at dei vel å dele det med sine vennar er veldig positivt”.

 

Facebook er ei flott plattform til å lede folk til nettsida di, derfor er det viktig at adressa til den ofte er med når ein publiserar noko. –“Det folk syndar mest på, er å ikkje nytte seg av analyseverktøya som ligg i Facebook. Med dei kan du finne ut kva følgarane dine likar og ikkje likar, og justere deg etter dei”.   

Avslutningsvis fortalte han at for å promotere arrangement er ikkje Facebook eller sosiale media nok. Ein må også vere tilstades i tradisjonelle medier og ha plakatar og liknande. For fleire gode tips, kan du besøke Stig Ove Voll si heimeside beskrivelser.no

 

Neste samling for Kreative Romsdal blir 11. mars. Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.