Anna Amundsen ynskte velkommen til første nettverksmøte etter ferien og orienterte litt om prosjektet Kreativfylket. Alle dei møtande vart invitert til å gi ein kort presentasjon av seg sjølve og prosjekt dei jobbar med. Dette vart ei nyttig runde for nettverksbygginga.
Bente Sellevoll fortalte litt om seg sjølv og at ho har økonomibakgrunn, ei nyttig erfaring som få innan dei kreative næringane har. Bente presenterte ein fotocollage over produkt som lydplater, metallplater og interiørdelar som ho legg trykk i storformat på, til dømes ved laminatfolie eller andre folietypar. Kundane er organisasjonar, firma, privatpersonar og det offentlege. Vi fekk sjå korleis ho kombinerer ulike foto for å skape nye uttrykk. Vi fekk sjå ulike prosjekt som ho har jobba med, der ein til dømes tek bilete av hus og flyttar dei fototeknisk til andre omgivelsar. Utstillinga «Svevende bilder» vart ein suksess. Vi fekk og høyre om korleis ho marknadsfører bilda sine og at ho opplever særleg god respons på facebookmarknadsføringa.
https://www.facebook.com/bente.sellevoll
Anne Midsæther hadde eit spennande innlegg «Om det å tørre». Kva vil du helst fortelle deg sjølv i morgon? Eg trudde ikkje eg ville tore, men eg gjorde det allikevel – og det var kjempegøy. Desse tankane er og relevante når det kjem til prising av eigne tenester. Mange som jobbar i dei kreative næringane får spørsmål om dei kan gi pris på ei teneste der det skin igjennom at kunden ynskjer billegast mogleg pris. Har du prøvd å være litt rockestjerne og stolt over faget ditt når du tek telefonen, går i eit kundemøte eller gir eit tilbod? Kva du seier til deg sjølv for å bryte den mentale barrieren for deg sjølv er individuellt, men det viktigaste er at du torer, og tenkjer: Kva vil du helst fortelle deg sjølv i morgon?
Neste møte i Kreative Romsdal er tirsdag 16 september på Plassen (Storyville foajéen i toppetasjen) kl.18:30. Vel møtt!