Kreative Nordmøre – Oktober 21′ 2015

Kreative Nordmøre i oktober blir eit innspelmøte der alle blir invitert til å kome med sine ynskjer for satsinga på dei kreative næringane i Møre og Romsdal frå 2016 og framover.

11063540_501337356710431_5166311434543454465_n

For tre år sidan inviterte Møre og Romsdal fylkeskommune til workshop om kva dei kreative næringane treng for å kunne drive verksemd i Møre og Romsdal, og kva vi som offentleg aktør kunne bidra med. Fylket fekk innspel på at nettverk, møteplassar og forretningskompetanse var noko som mange hadde behov for.

Fylkeskommunen inviterer no til ny workshop der ein spør:
Har tiltaka vore som forventa? Kva er bra, og kva kan bli betre?
Kva tiltak er det behov for i 2016 og framover?

Møt opp og bli med på å bestemme kva tiltak Møre og Romsdal fylkeskommune skal støtte i åra framover!

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.