Kreative Nordmøre August

Dagleg leiar ved Nordic Light Charles Williamsen ynskte velkommen til Kulturtorsdag hos Nordic Light. Kreative Nordmøre koblar seg på dette nye tilbudet i Kristiansund der ein vil få til eit kulturtilbud på torsdagar med base i Nordic Light sine lokaler.

kreativenordmore2

Carina Stokke frå Møre og Romsdal fylkeskommune orienterte om bakgrunnen for prosjektet «Fra gråpapir til galleri» som er ein respons på at fleire unge kunstnarar manglar arena for å stille ut sine arbeid. I kombinasjon med byutviklingsprogrammet har ein i Molde og Kristiansund fått til eit samarbeidsopplegg med gårdeigarar og handelsstanden der ledige butikklokaler blir brukt som galleri for unge kunstnarar.

Tilbodet gir kunstnarane 100% av salsprisen og inviterer også til at meir etablerte kunstnarar kan være med for å løfte utstillingane til eit breiare publikum. Ved årsskiftet ynskjer ein å ha to slike «galleri» oppe, eit i Molde og eit i Kristiansund.

Iren H. Rønhovde bra By´n oss Kristiansund orienterte om at representantane frå handel- og service i dei to byane og fylket har møtt positive gårdeigarar som ser nytta av å få meir aktivitet og promotering av lokale som ikkje er utleigde. I Kristiansund vart det gjennomført ei omdømmeundersøking i vår, og mange av innspela frå innbyggarane var ynske om opplevelsesbaserte aktivitetar på kveldstid i sentrum. Estetikk var og etterlyst i omdømmeundersøkinga der det komande tilbudet vil bidra til eit løft, og det blir spennande å sjå kor dette prosjektet utviklar seg.

Charles Williamsen frå Nordic Light presenterte bakgrunnen for fotofestivalen, ideen bak
– og planane for neste års 10 års jubileum. Festivalen er godt kjent og har bygd seg opp til å ha blitt ein institusjon innan fotografi i Norge. For at festivalen skal utvikle seg er det utfordringar i forhold til publikumskapasitet i kulturhuset og på andre arenaer som festivalen brukar. Det blir lagt ned betydelege ressursar frå Nordic Light og deira støttespelarar i festivalen som til no har vore eit 14 dagars arrangement. Festivalen har eit betydeleg potensiale på inntektssida i høve heilårssalg av bilder gjennom nettbutikk, auksjonar og vandreutstillingar.

Ein fordel for Nordic Light i den vidare satsinga er tilliten dei har hos fotografar og kundar. Huset Nordic Light disponerer gir også gode moglegheiter for å arrangere og være vertskap for ulike kulturaktivetar utanom festivalen. Dette vil og gi meir opplevelsesbaserte aktivitetstilbud i Kristiansund, og ein vinn-vinn situasjon for festivalen, byen og næringslivet.

Christine Blass orienterte om prosjektet Kulturnettverket på Nordmøre og dei arrangementa dei har hatt så langt. Nettverket satsar vidare på å være ein elektronisk møtestad for kreative på Nordmøre, og på nettstaden kulturnettverket.no finn ein informasjon om komande og tidlegare arrangement. Av komande arrangement vil vi nevne skrivekurs med den kjente forfattaren Jan Kjærstad med oppstart 11 september, og der er det framleis nokre få plassar ledige.

Anna T. Amundsen orienterte om prosjektet Kreativ Arena som er eit samarbeid mellom Kunstsenteret i Møre og Romsdal og Teateret Vårt. Det blir informasjonsmøte i Kristiansund 2 september kl.15:00 hos Nordic Light og du kan lese meir om dette tilbodet her: http://plassen.molde.no/kreativ-arena—plassen

Neste Kreative Nordmøre blir på Kulturtorsdag hos Nordic Light torsdag 18 september kl.19:00. Program kjem seinare 

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.